Sommarferie på Ytste Skotet?
Dei to siste vekene i juli opnar vi garden for ein sommarferie heilt utanom det vanlege! Her får born og vaksne være med å leve slik dei gjorde i førindustriell tid og lære om korleis livet var før.
Her er masse dyr, kopplam, kattunger, griser, høner og ein buhund – og kanskje har vi fått ku og hest også! Sommerferien blir lagt til slåtten, så alle får lære å slå med ljå, hesjing av høy, hogge ved, lage sin eigen mat på vedovn og grue, bade i elva – kose seg med fin natur og heilt slappe av utan datamaskiner, tv, internett og ipoder.
Dette er ferien der ein får lære om kulturen vi kjem ifrå, mestre nye oppgåver, kose med dyr og ha tid til kvarandre. Overnatting skjer enten på stabburet på flatsenger (med heilt nye og veldig gode madrasser) eller i nytørka høy på låven! Og kanskje kjem kattane ein tur og helser på i løpet av natta..
I kvar av vekene er det plass til ca 20 born og vaksne, og førstemann til mølla gjeld i forhold til påmelding. Prisen vil være 1500 kr for vaksne og 500 kr for born under 16 år. Dette inkluderer båttransport over fjorden, opphald, aktiviteter og mat heile veka!
Ta kontakt på telefon 97508300 eller epost@skotet.no om du vil melde deg på eller har spørsmål! Du kan også gå inn på facebookgruppa vår for å sjå fleire bilde på http://www.facebook.com/group.php?gid=305580700092