Matfestival også på Ytste Skotet!

Søndag 30 august vil også vi på Ytste Skotet vere med på festen rundt Matfestivalen i Ålesund. Båten begynner å gå frå Dyrkorn kl 11.00

Denne dagen blir garden snudd opp ned, og i alle krinkar og krokar blir det demonstrasjonar av matlaging og konservering på gamalt vis, som koking av søst og ripsgele, røyking av fisk og baking av flatbrød og potetlefser.

All maten blir tilberedd på vedovnar eller i grua og det blir sjølvsagt gode smaksprøver, som for eksempel boknasild med heimebaka flatbrød og potet, sylteflesk i potetlefse, heimebaka brød med nylaga ripsgele og mykje meir.

Det passar seg slik at kornet vårt er modent og skal skjerast og hengast opp i kornband. Ytste Skotet var i si tid den største kornprodusenten i Stordal kommune, noko som gjorde at kvenna og elva var veldig viktige for dei som budde her. Så på søndag startar vi den nyrestauererte vass-kvenna vi er så stolte av. Mange dungastimar og mykje svette frå eldsjeler langveisfarande frå har blitt langt ned for å kunne vise publikum på denne dagen korleis dei lagde mjølet sitt på Ytste Skotet. 

På stabburet blir det ei enkel utstilling som viser korleis eit stabbur i bruk kunne sette ut. Vi skal også lage til ein middag for salg, nytrekt klippfisk med kvitsaus, poteter og grønsaker! 

Velkomne skal De vere!