"På Brudeferd"

Laurdag 25. juli feirer vi kulturminneåret 2009 med eit godt gamaldags bondebryllup på Ytste Skotet. Vigsla startar i Rosekyrkja kl 10.30, og publikum er hjarteleg velkomne til å bli med! Feiringa fortsett på Ytste Skotet, og skyssbåten "MS Line" startar å gå frå Dyrkon kl 12.00. 

Allereie tidleg i vår søkte vi etter eit brudepar som kunne være interesserte i å gifte seg denne dagen. 12 par frå heile landet søkte, men valget vårt var enkelt då vi fekk inn ein søknad frå det perfekte par. Monika Brandal og Trond Steffen Havnsund frå Sjøholt, begge 23 år og studerar på Høgskulen i Volda.

"Vi har stor interesse for historie og tradisjon, og derfor melde vi oss på denne unike bryllaupsfeiringa. Dette er ei hending som vil formidle lokal og nasjonal historie på ein levande måte, der fleire generasjonar får ta i bruk alle sansar i å oppleve historie på nært hald" seier brudeparet. "For oss er også bruken av Rosekyrkja spesiell, då Monica si oldemor både vart døypt og konfirmert der, i tillegg til at vi har ei eiga slektskrone som i dag er oppbevart på Sunnmøre Museum."

På Skotet spelar Knut Ivar Bøe og Ingunn Linge Valldal i gruppa Ferdafolk til dans. Gjennom ordinga Møremusikarane frå fylket har vi sikra god musikk til bryllupet! Det blir også litt undervisning frå erfarne dansarar, slik at om nokon ikkje har dansa folkedans før, er dette absolutt eit godt høve til å prøve. 

Stabburet har vi får dagen gjort om til eit ekte utstillingshus. I øvste etasje er det ei salgsutstilling av kunstnaren Sverre Støren med vakre oljemåleri inspierert av naturen rundt Skotet og fjordane i kring. I første etasje lagar vi til ei utstilling med tekstilar, friargåver, brudeseng og brudekister for å vise noko av dei rike tradisjonane som finst kring bryllup på Sunnmøre. Desse gjendstandane er på utlån frå Sunnmøre Museum og er berre tilgjengeleg for publikum å sjå akkurat denne dagen, før dei forsiktig blir pakka ned att i magasinet. 

Det blir også salg av mat, vi lagar til brennsnut med flatbrød baka på grua. Med gode grønnsaker og saltkjøtt var dette rett festmat i slike høve som bryllup. 

Vi ynskjer alle hjarteleg velkomne både til vigsla i Rosekyrkja og til festen på Ytste Skotet!