Sommarfest og opning av maleriutstillinga "Fjellsider"
Laurdag 27. juni kl 15.00 inviterer Ytste Skotet til opning av utstillinga ”Fjellsider” av Sverre Støren. Båten går kl. 11 og kl 13 frå Dyrkorn. Pris kr 140,- (t/r).
13 vakre oljemaleri malt etter inspirasjon frå Skotet og omkringliggjande natur blir vist for fyste gong denne dagen.
Vår gode nabo Idar Skotte vil stå for opninga.
- Eg tenkte å fortelje litt om korleis eg har opplevd dei siste 20 åra her på Skotet, og korleis det er å ha eit museum og levande gard til nabo.
Både naboen Idar, gardsfolket og kunstnaren gler seg og er spente på mottakinga. Det er aller fyrste gongen Ytste Skotet opnar ei maleriutstilling!
- Vi har nok tenkt litt utradisjonelt i forhold til det vi vanlegvis formidlar. Men i god gamal tradisjon lar vi ikkje eit slikt høvet gå frå oss, og lagar til sommarsfest med fårikål og heimebaka flatbrød. Det blir litt aktivitetar for store og små, og litt musikk på dagen også, seier avdelingsleiar Kari-Anne Nilsen.
Gjestar som vil komme kan enten ta Syssbåten ”Line” som går frå Dyrkorn, eller ta den fine fjellturen frå Ramstaddalen.
For bestilling av båt eller spørsmål om overnatting og matservering, ring Ytste Skotet tlf 975 08 300
Velkommen skal de vere!