Sommarferie på Ytste Skotet?

Dei to siste vekene i juli opnar vi garden for ein sommarferie heilt utanom det vanlege! Her får born og vaksne være med å leve slik dei gjorde i førindustriell tid og lære om korleis livet var før.

Her er masse dyr, kopplam, kattunger, griser, høner og ein buhund – og kanskje har vi fått ku og hest også! Sommerferien blir lagt til slåtten, så alle får lære å slå med ljå, hesjing av høy, hogge ved, lage sin eigen mat på vedovn og grue, bade i elva – kose seg med fin natur og heilt slappe av utan datamaskiner, tv, internett og ipoder.


Barnas Dag på Ytste Skotet

Vi gjentek suksessen frå i fjor, og i samband med Stordalcup og markering av Barnas Kommune Stordal lagar vi til ein dag for dei minste på Skotet. Det blir leik og morro - risengrynsgraut til middag, og masse dyr å kose med :)



Prisen er 100 kr for voksne og 50 for barn og inkluderer museumsbillett og graut. Båtskyssen er gratis! Vi brukar vår eigne opne båt til transporten og vi har reddningsvester til alle. Men om nokon har eigne vestar vil dette spare mykje tid på kaia - så vi oppfordrer alle som har til å ta med!

Velkommen skal de vere!


Opningsdugnad til helga!

Tradisjon tru er det opning på Skotet 1 helga i mai. Vi satsar på godt ver, kjekke folk og varierte oppgåver for at garden skal settast istand til å ta imot alle dei gjestane som kjem på Skotet i år!

Båten går frå Dyrkorn kl 18.00 på fredag, gje ein liten lyd om du vil komme! Vi har også laga ei hending av dugnaden på facebook.

http://www.facebook.com/event.php?eid=117238448301084&ref=mf,

Då sjåast me :)

 


Jobbe på Skotet?

No søker vi etter kårfolk, dreng og taus til å jobbe på Ytste Skotet allereie frå 1.mai.

Om du kunne tenke deg å bruke mykje tid i sommar på ei veglaus fjellgard i Storfjorden, med storslått natur, interesserte besøkande og kjekke oppgåver er kanskje akkurat du riktig person for jobben?

Kårfolket er nokon av dei viktigaste menneska på Skotet. Dette er pensjonistar som kjem og jobbe for kost og losji, med å lære skuleborn og andre besøkande om korleis det var då dei vaks opp. Her står formidling i fokus, og kontakt mellom generasjonar er svært verdifullt i undervisningsopplegget. Om ein kan bidra med litt anna no og då også, som å mate dyra eller røre i grautgryta er det kjempeflott!

Som dreng er den viktigaste oppgåva å kjøre båten, så søkarar må ha båtførerprøve og helst D5L sertifikat. Ellers er det arbeid som å sette opp gjerde, sjå til dyr i inn og utmark, vedlikehald av bygningar og resten av garden og sjølvsagt være med i formidlinga - så godt handlag med born vil bli vektlagt. Lønn etter avtale.

Tausa er tenkt til oppgåver inne, med matlaging og vasking. Også dette er ei formidlingstilling, med borna i sentrum. Lønn etter avtale.

Så ring oss på 97508300 om du lurer på noko eller er interessert i nokon av stillingane :)

 

 


Velkommen til Ytste Skotet si nettside

Ytste Skotet er ein sommargard og har ope i perioden mai til og med september.  Vi har derfor no vinterstengt fram til 1. mai 2010

Nedanfor kan du lese litt om dei aktivitetane som har vært på Skotet i 2009. Vi vil gjerne takke alle våre gjester som tok turen og det flinke dugnadsfolket som har stilt på med ein imponerande innsats. Vi gler oss til å sjå både gamle og nye besøkande til våren att!

Om du synes vinteren blir for lang kan du i mellomtida møte oss på facebook. http://www.facebook.com/group.php?gid=305580700092&ref=mf Last gjerne opp bilda frå ditt besøk!

 

 


Matfestival også på Ytste Skotet!

Søndag 30 august vil også vi på Ytste Skotet vere med på festen rundt Matfestivalen i Ålesund. Båten begynner å gå frå Dyrkorn kl 11.00

Denne dagen blir garden snudd opp ned, og i alle krinkar og krokar blir det demonstrasjonar av matlaging og konservering på gamalt vis, som koking av søst og ripsgele, røyking av fisk og baking av flatbrød og potetlefser.


"På Brudeferd"

Laurdag 25. juli feirer vi kulturminneåret 2009 med eit godt gamaldags bondebryllup på Ytste Skotet. Vigsla startar i Rosekyrkja kl 10.30, og publikum er hjarteleg velkomne til å bli med! Feiringa fortsett på Ytste Skotet, og skyssbåten "MS Line" startar å gå frå Dyrkon kl 12.00. 

Allereie tidleg i vår søkte vi etter eit brudepar som kunne være interesserte i å gifte seg denne dagen. 12 par frå heile landet søkte, men valget vårt var enkelt då vi fekk inn ein søknad frå det perfekte par. Monika Brandal og Trond Steffen Havnsund frå Sjøholt, begge 23 år og studerar på Høgskulen i Volda.


Sommarfest og opning av maleriutstillinga "Fjellsider"

Laurdag 27. juni kl 15.00 inviterer Ytste Skotet til opning av utstillinga ”Fjellsider” av Sverre Støren. Båten går kl. 11 og kl 13 frå Dyrkorn. Pris kr 140,- (t/r).

13 vakre oljemaleri malt etter inspirasjon frå Skotet og omkringliggjande natur blir vist for fyste gong denne dagen. 



No er garden open!

Tradisjon tru har vi no hatt opningsdugnad, og garden er klar for sommaren.

Både hus og stabbur har blitt skrubba frå tak til golv, vatn har blitt kopla til, og gjerde gjort klare for dyra.


Jul på Ytste Skotet

Juletreet fant vi sjølvsagt i egen skog, og det borna lagde nydeleg pynt.

 

Lille julaften kom to spente familiar frå asylmottaket i Ålesund for å feire god, gammeldags jul på Ytste Skotet. Det var ei veldig fin samankomst, og bilda er lagt ut under bilete. Vi bakte, henta juletre, lange karameller og anna julebakst. Vi spiste godt og leika mykje, og det blei bornas jul på Ytste Skotet. Ikkje minst var det spesielt å sjå at garden kan brukast og gjerast trivelig også i vintervær.

 

Dette var ei fin avsluttning på sesongen 2008, og med dette vil vi ønske godt nyttår og hjerteleg velkommen på skotet til sommaren!